Skip to Main Content Red Color Bar with Grey Menu
Logo

Nordisk

Nordisk og norsk - språk og litteratur

Ordbøker, ordlister og oppslagsverk

Ordbøker er gode hjelpemiddel for rettskriving og definisjonar. Når du studerer eller forskar på nordisk, kan ordbøker og ordlister også vere viktige kjelder eller analysemateriale. Universitetsbiblioteket har både trykte og digitale ordbøker, og eit søk i Oria vil vise deg kva ordbøker som finst i norske fagbibliotek. Ordbøker er som regel ikkje tilgjengelege for fjernlån, men Nasjonalbiblioteket gir tilgang til digitaliserte utgåver av ei rekke eldre ordbøker. 

Her har vi samla ein del ordbøker og -listar som er tilgjengelege på nett.  Dersom du treng frekvensordlister, kan du prøve Tekstlaboratoriet

Definisjons- og rettskrivingsordbøker

Ordbøker og ordlister

Nordisk forening for leksikografi

Er du interessert i leksikografi og ordboksarbeid?

Nordisk foreining for leksikografi (NFL) er ei fagleg foreining av nordiske leksikografar som har til formål å utvikle praktisk og vitskapleg ordboksarbeid i Norden og å fremje nordisk samarbeid om leksikografi. NFL gir ut tidsskriftet LexicoNordica og skriftserien Nordiske Studier i Leksikografi.