Akademisk skriving er ei av dei viktigaste eigenskapene du skal lære deg som student. Du får bruk for det frå første portprøve, til du leverer den siste eksamen, bacheloroppgåve eller masteroppgåve. Eigenskapene tek du med deg inn i alt framtidig arbeid. Difor bør du øve så mykje du kan på det no mens du er student.
På denne sida har biblioteket samla eit utval lenker du kan bruke for å lære deg meir om akademisk skriving. Bruk dei som passar deg best, enten det er podcast, video eller tekst.
På Kildekompasset.no får du svar på korleis di viser til og refererer til dei aller fleste typer kilder du bruker i oppgåvene dine. Det er eit veldig godt verktøy i oppgåveskrivinga di.
I Skrivestua jobber det studenter som kan hjelpe deg med akademisk skriving. Du treng ikkje å bestille tid, alt du treng gjere er å dukke opp i Kristiansand eller Grimstad, så får du møte nokon som er interessert i å snakke med deg om det du skriv om.